Vil du påverke offentlege IT-prosjekt?

Difi skal i samarbeid med SSØ etablere eit nettbasert rettleiingsopplegg for planlegging og kvalitetssikring av IKT-prosjekt. Vil du høyre kor langt arbeidet er komme og gje innspel til korleis det kan gjerast på ein konkret og nyttig måte?

Visjonen til Difi er utvikling gjennom samarbeid. Det tek vi på alvor, og trekkjer derfor inn ekspertise frå Dataforeningen for å få innspel til den nye portalløysinga Prosjektvegvisaren. Vegvisaren skal medverke til betre samordning og styring av IKT-prosjekt i offentleg sektor.

Bakgrunnen for prosjektet er rapporten Bedre samordning og styring av store og/eller strategiske IKT-prosjekter i staten, som peikar på ei rekkje utfordringar i offentlege IKT-prosjekt.

Prosjektvegvisaren skal styrkje leiing, planlegging og kvalitet i offentlege IKT-prosjekt, og medverke til auka metodisk og organisatorisk samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Det vil medverke til at fleire prosjekt blir vellukka.

Agenda

Møtet er ope for alle interesserte.
Tid: onsdag 3. juni kl. 15.00–17.00

Stad: Scandinavia Scene, Radisson Blu Scandinavia Hotel, Holbergs gate 30 i Oslo

Viktig å merke seg at de som melder seg på via denne bloggposten deltar gratis på dette arrangementet.

Påmelding på Dataforeningens nettsider

Om artikkelforfatteren
Christer Gundersen er seniorrådgiver, event-ansvarlig og kontakt for offentlig sektor i Friprogsenteret Les mer om

Legg igjen kommentar

Felter merket med * må fylles ut.

For å legge igjen en kommentar må du være kjent med Vilkår for bruk.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare AS
Kontakt ossInformasjon om opphavsrett